Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplan

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreidskap i Kvinnherad kommune. Målet er at alle som handterer dokument som vert til i verksemda, skal kunna finna informasjon om kva retningsliner som skal følgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.

Arkivplanen skal oppdaterast kvart 4. år etter kommunevalet. Det vert sendt ut melding ved revisjon eller korrigering.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar vert gjort, skal arkivleiar kontaktast. lars.naes@kvinnherad.kommune.no

Arkivleiar har det daglege ansvaret for at alle verksemdene følgjer retningslinene i arkivplanen.

Laster...