Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

5.0 DEPONERING OG PERIODISERING

Kvinnherad kommune har avtale med Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKA Hordaland) om leige av depot for papirarkiv og drift av digitalt sikringsmagasin.

 

Papirarkiv

Kvinnherad kommune har deponert eldre administrativt arkivmateriale frå 1837 til 1992 til IKA Hordaland. Bestanden av administrativt arkivmateriale utgjer 218 hyllemeter. I tillegg er det deponert 101 hyllemeter personregistermateriale. Arkiva er ordna etter norsk allment arkivskjema, arkivavgrensa, kassasjonshandsama og listeført i tråd med arkivforskrifta.

IKA Hordaland og papirdepotet er lokalisert i Hansaparken i Kalfaret i Bergen og har besøksadresse: Kalfarveien 82. Papirdepotet oppfyller krav til spesialrom for arkiv i tråd med føresegnene i kapittel IV i forskrift om offentlege arkiv.

Av det deponerte materiale inngår også arkiva etter dei historiske kommunane Fjelberg og Varaldsøy kommunar.

Katalogane er tilgjengeleggjort på arkivportalen.no:

Arkivmateriale eldre enn 100 år blir kontinuerleg skanna og gjort tilgjengeleg. 

Materialet er publisert til digitalarkivet.no:

Elektronisk arkivmateriale

Det er utarbeidd plan for uttrekk og depnering av elektronisk akrivmateriale. Sjå vedlegg.

Laster...