Jf. forskrift om offentlege arkiv § 4 skal; «den øvste leiinga i organet må sjå til at arkivarbeidet blir omfatta av organets internkontroll». Kvinnherad kommune nyttar Compilo som verktøy for kommunen sin internkontroll jf. kommunelova kapittel 25.
Kommunen brukar i dag arkivplan.no som verktøy for kommunen sin arkivplan. Arkivplanen som internkontrollverktøy for dokumentforvaltninga, skal nyttast som eit arbeids- og styringsverktøy for arkivleiar i kommunen. I tabell under finn ein oversikt over kva type informasjon som er skildra i dei einskilde verktøya.
I Compilo blir alle rutinar, retningsliner, instruksar, handtering av avvik, beredskap, rapportar og planar skildra. Alt dokumentasjon i Compilo som er arkivverdig skal i tillegg akriverast i Elements. Dette skal vera godt forankra i kommunen, både hjå leiinga og tilsette.
(I arbeidet med «orden i eiget hus» nyttar vi rammverket skildra i Digitaliseringsdirektoratet si rettleiing «Internkontroll i praksis – informasjonssikkerhet» og deira rammeverk for etablering av internkontroll (sjå figur under). Eit viktig ledd i informasjonssikkerhet er å kartleggja alle aktive og avslutta it-system. Til dette brukar vi KS Fiks digiorden.
Compilo skildrar:
|
Arkivplan skildrar:
|
Einingane sine rutinar, retningslinjer og instruksar
|
Arkivtenesta sine rutinar, retningsliner og instruksar
|
Kommunen sine strategiar og planar
|
Bevaringsvurdering og kassasjon
|
Beredskap
|
Arkivoversikt
|
Overordna planlegging
|
Depot
|
Avvik og handsaming av avvik
|
Informasjonstryggleik
|
Årshjul
|
Periodisering- og deponeringsplanar
|
|
Strategi for arkivtenesta
|
Laster...